Beatles & Ervingen blandakor på Abbey Road

Konsert med «Beatles & Ervingen Blandakor på Abbey Road»

 

Bli med på haustens store Beatles-happening. Laurdag 20. oktober vert det Beatles-feber på Ørsta Kulturhus. Ervingen Blandakor med dirigent Øyvind Lied i spissen tek oss med på ei reise i Beatles si fantastiske verd av musikalske godbitar. På scena denne kvelden får du oppleve kor, orkester og innslag av dans.

 

 

Orkesteret er samansett av erfarne og dyktige musikarar frå Volda og Ørsta: John Inge Bjøringsøy (piano), Svein Hunnes (bass), Stein Lied (trommer) og Kjell Rune Klubbenes (gitar). Også ei gruppe dansarar frå Ørsta og Volda Ballettskule deltek.

 

Det er snart 60 år sidan Beatles starta å fôre den musikalske verda med sin musikk, og dei aller fleste av songane er også spelte den dag i dag.

 

Dirigent Øyvind Lied står bak fleire av arrangementa, både for kor og orkester. Det vert innslag av grupper, solistar og heile koret, og meir enn 20 av Beatles sine songar vert med på konserten. Her får du høyre perler som All you need is love, Drive my car, Come together, Blackbird, Hey Jude og Yesterday og mange fleire av dei store klassikarane.

 

Gå ikkje glipp av dette.  Det er berre å glede seg.

Billettar til Beatles & Ervingen blandakor på Abbey Road

  1. Lau 20. okt kl 17:00 Teatersal ny Les meir Kjøp
  2. Lau 20. okt kl 20:00 Teatersal ny Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_