Bergen bluesband

BERGEN BLUES BAND 2018

Bergen Blues Band er samla igjen i 2018.

 

Bandet blei starta i 1974 og var særs populært på 1970 og -80 talet, med hitlåter som «Jump`n Shout`n Dance», «Another Blues»  og «Meanest Blues».

Etter stor etterspurnad samlast no bandet, for å gjere fleire konsertar i 2018.

Dei vil framføre sine største hits, og nye låter.

 

Konserten skal haldast i festsalen, med småbord og unummererte billettar.

Det er alkoholservering på dette arrangementet, og derfor er det 18 års aldersgrense.

Baren opnar kl. 20:00. 

 

Bandet består av:

John Magnar Bernes (Hungry John), vokal/munnspill.

Ole Thomsen, gitar

Aril Seim, gitar

Atle Mjørlaug, bass

Willy Korneliussen, trommer

 

Desse allsidige legendane har vore aktive musikarar i inn- og utland sidan 1970- talet. Dei er framleis i støtet, og ser igjen fram til å møte publikum.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Billettar til Bergen bluesband

  1. Lau 22. sep kl 21:00 Festsal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_