1

Bryggarmeisterskap i Ørsta og Volda

Laurdag 9. mars inviterer Ørsta og Volda Bryggarlaug til bryggarmeisterskap. Det er ei konkurranse der lokale heimebryggarar serverer smaksprøver på sine beste og mest spennande øl, og publikum er med å kårar vinnaren! Kva du legg vekt på når du avgir stemme er heilt opp til deg, og smisking må påreknast!

I tillegg til stemmer frå publikum vil det være kvalifiserte øldommarar til stades for å gi ei meir objektiv vurdering av øla.
I fjor var det venteliste blant bryggarane, og publikumsbillettar var utselde lenge før arrangementet!

Dato: Laurdag 9. Mars 18:00 - 23:00. (17:00 for bryggarar)
Inngang 350,- (førehandssal til medlemar i Ørsta og Volda Bryggarlaug 300,-)
Aldersgrense:
Det er 18 års aldersgrense på arrangementet.
Ølsal:
Det blir ikkje solgt øl under arrangementet. Heimebryggarar serverer smaksprøver. Øl serverast berre i utdelte smakeglas. Med unntak av øl som deltek i konkurransen er medbrakt alkohol ikkje tillete. Kommersielt framstilt alkohol er ikkje tillatt i lokalet.
Matsal:
Det vil vere høve til å kjøpe mat inne på området. Meir informasjon om dette kjem.

Billettar til Bryggarmeisterskap 2019

  1. Lau 9. mar kl 18:00 Festsal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_