Downton Abbey

Vi byd inn til Afternoon Tea i samband med premieren på Downton Abbey. Kom og smak nydelege, små godsaker som blir servert i festsalen/foajeen frå ein time før filmen startar.
Heile dette gildet kostar berre 130 kr, og då får du både kinobillett, mat og te/kaffi. Dette er eit samarbeid med Ørsta vidaregåande skule.
Meir info kjem!

Vi set pris på førehandskjøp då det gjer det enklare å berekne kor mykje mat som skal lagast til.

Vi oppmodar til å kome i Downton Abbey-inspirerte antrekk, så bidreg du også til å skape ekstra god stemning for deg sjølv og alle andre gjestar!

NB! På billetten og nettsida for filmpresentasjonen står klokkeslettet for filmstart, Afternoon Tea startar kl.17:30.

Om filmen:
"Downton Abbey
Ventetiden er over. Finn ut hvordan det går videre med alle favorittkarakterene fra en av tidenes mest populære TV-serier, Downton Abbey. Flmen utspiller seg i tidsrommet 1927 til 1929 og denne gangen får Downton Abbey besøk av selveste Kong George V og Dronning Mary. Det kongelige besøket setter hele huset på hodet, og bringer en rekke konflikter og forviklinger til overflaten."

_
_
_