1

Havboka

Havboka blir teater for heile landet

Når mennesket gret, er tårene salte. Kjem også vi frå havet?

 

I ein liten båt langt ute på Vestfjorden sit forfattaren og vennen hans. Under dei, langt nede i havet, har håkjerringa riket sitt. Det er denne haifisken dei to har bestemt seg for å fange - eit uhyre som kan vere meir enn fem hundre år gammalt, og som i mangt er mennesket overlegent. Kva slags møte blir dette?

 

Det er utgangspunktet for boksuksessen Havboka.

 

Frå hamna på den vesle øya Skrova i Lofoten utforskar Morten Strøksnes vårt forhold til havet. Og han har eit uendeleg rikt stoff å ause av, frå sagn, myter og gamle krønikar, til reiseskildringar, vitskaplege skrifter og dikting frå mange kulturar. Resultatet er ei blanding av kunnskapsbok og fiskeskrøner, som har mottatt ei rekke prisar og fått fantastiske kritikkar verda over. Ho er også lesen av nærmare 60 000 nordmenn, og er omsett til 25 språk.

 

For oss som bur her i dette vidunderlege kyst-landet har havet ei heilt eiga tyding, og for Strøksnes blir det ei ustoppeleg kjelde til undring, innsikt og fantastiske eventyr, medan han spør seg: Når meir enn to tredelar av jordoverflata er dekka av saltvatn - kvifor kallar vi ikkje like godt kloden vår for Havet?

 

Når Riksteatret og Nationaltheatret no går saman om å gjere Havboka til teater, er det Ole Anders Tandberg som står ansvarleg for dramatisering og regi. På Nationaltheatret har han ei rekke namngjetne dramatiseringar bak seg, og på Riksteatret gjorde han nyleg stor suksess med teaterversjonen av Karl Ove Knausgårds Min kamp.

 

Og på scena i vår teaterversjon står Nationaltheatret sin skodespelar Jan Sælid – der han skal gestalte både menneske og håkjerring!

 

Gratis foredrag 30 minutt før framsyninga startar! "Menneska og havet" - marinbiolog Kaja Lønne.

 

--

 

Sagt om Havboka:

 

"Om vår kjærlighet og frykt for havet"

The Guardian

 

"En bok som har alt"

DN

 

"En enestående bok, som med et vått blikk undersøker menneskets forhold til havet …"

Esquire (USA)

 

"Rett og slett en fest"

Aftenposten

 

"En moderne Moby Dick, bare bedre (…)"

Politiken (6)

 

"Strålende blanding av kunnskapsbok og fiskeskrøne"

Dagbladet

 

"Eit meisterverk"

BT (6)

 

"Moby Dick møter Knausgårds Min kamp»

THE VICE READER (USA)

 

"Anbefales alle som våger å innrømme at de faktisk vet ganske lite (…) Kunnskap om havet vil gi bedre perspektiv og forståelse for alt som skjer på land"

Haugesund Avis

 

"Det hele er sydd sammen på et vis som bare en fullbefaren forfatter kan klare."

VG (6)

 

"Havboka" er litterær som Knausgård, undrende og lærerik som de beste populærvitenskapelige bøker og spennende som en god guttebok.

Aftenposten

 

--

 

Havboka er tidlegare blitt dramatisert og sett opp som teaterkonsert på Hålogaland Teater i Anders T. Andersens regi.

 

På scena

Jan Sælid

 

Team

Regissør og scenograf: Ole Anders Tandberg. Lyddesignar og komponist: Joel Sahlin. Kostymedesignar: Maria Geber. Lysdesignar: Elisabeth Kjeldahl Nilsson. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

 

Framsyningslengde: 1 time 30 minutt (ingen pause).

 

Premiere: Oslo, Nydalen 29. januar 2019

 

Turnépremiere: Svolvær 6. februar 2019

 

Produsert av Riksteatret i eit samarbeid med Nationaltheatret.

 

Riksteatrets omtale: www.riksteatret.no/havboka

 

 

 

 

Billettar til Havboka

  1. Tor 28. mar kl 19:00 /330 kr   Teatersal ny Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_