1

Konsert// Brothers in arms

Sidan 2007 har Dire Straits-tributebandet "Brothers In Arms" hatt ei rekkje konsertar på diverse scener i Ålesund og omland, og seinast hausten 2016 spelte dei i Ørsta Kulturhus.   

No kjem dei endeleg tilbake, set av kvelden fredag 22.mars! 

Brothers In Arms vil sjølvsagt som vanleg framføre ei rekkje av dei gode gamle Dire Straits-låtane som dei er kjende for, men denne gongen vil dei i tillegg spe på med nokre av Mark Knopflers mest kjende låtar fra solokarrieren hans etter Dire Straits.  Brothers In Arms har framleis same besetning som i 2007, og medlemmane er: Erik James Anderson; vokal, Ketil Strand; gitar/vokal, Lars Øverås; bass, Bjørn Skjelten; trommer, Kjell Myklebust; tangenter, Sten-Even Holstad; gitar og Kjetil L. Ingvaldsen; sax/perc. m.m.

Billettar til Konsert// Brothers in arms

  1. Fre 22. mar kl 19:30 Teatersal ny Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_