1

Konsert // Eva Weel Skram : Finne heim

Eva Weel Skram har truffe ein nerve hos det norske folk, og har verkeleg etablert seg som ein av landets aller mest folkekjære artistar. Nyleg slapp ho sitt første album «Finne Heim» med norske tekstar til strålande mottaking.

Heilt sidan Eva byrja å syngje på morsmålet etter deltakinga i ”Hver gang vi møtes”, har det gått slag i slag for Sogndalsjenta, og høgdepunkta frå dei siste åra er mange. Singlane frå det nye albumet blei gitt ut som perler på ei snor, og konsertpublikum over heile landet kan glede seg til å få servert nye favorittar som «Om du vil» og «Hold meg» i tillegg til både stev og Eva sine vakre tolkningar av store artistar som Ole Paus og Henning Kvitnes.

Konsertane er, som albumet, smakfullt innpakka i vakre og harmoniske lydbilde, og Eva har som alltid med seg sin faste musikalske samarbeidspartnar, ektemann og gitarist Thomas Stenersen.

Det er berre å glede seg til ein stemningsfull konsert.

Billettar til Konsert // Eva Weel Skram : Finne heim

Vis hele programmet
_
_
_