2

Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes med band

Frå januar til mars 2019 kan ein sjå og høyre Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes som to av i alt sju

medverkande artistar på eitt av TV2 sine mest populære programkonsept «Hver gang vi møtes».

I musikalske møter mellom Maria, Lars, Sol Heilo, Elisabeth Andreassen, Trine Rein, Tom Mathisen, og

Katastrofe, skapast det magi, nydelege musikalske opplevingar og gode samtalar.



Maria og Lars møtast på scena gjennom eigne viser og

andre songar som har betydd mykje for dei begge.

Konserten framførast av Maria og Lars saman og kvar for seg, med eit felles band som består av:

gitarist og musikalsk leiar Bernt Rune Stray

keyboardist og multiinstrumentalist Stein Austrud

perkusjonist Karl Oluf Wennerberg

 

Vi garanterar ei flott konsertoppleving for publikum i alle aldrar.

 

Om Maria Haukaas Mittet

Maria Haukaas Mittet er frå Senja og har lang bakgrunn som artist. I 2004

debuterte ho som plateartist og hennar første album «Breathing» selde til gull.

Neste plate «Hold On Be Strong» kom i 2008 og selde til gull etter berre tre veke.

Tittellåta blei ein internasjonal hit etter femteplassen i den internasjonale Eurovisjonfinalen.

I 2011 spelte Maria inn juleplata «Lys Imot Mørketida» saman med Oslo

Gospel Choir, der ho syng fleire låter på eiga dialekt, og i 2014 ga ho ut sitt

første norskspråklege album «HEIM». Plata blei ein stor suksess, og inneheldt både eigenskrivne viser

og andre sine songar på eiga dialekt, med grobotn i den nordnorske visetradisjonen.

 

Gjennom songar som «Folk i Husan» (Kari og Ola Bremnes) «Himmel i mella oss»

og «Heim» har Maria funne heim til musikken som ligg hjartet hennar nærast, og i 2015

sigra ho i TV-programmet «Stjernekamp», med ei vise frå

nord «Gjennom sorga går ei sang» (Halvdan Sivertsen). I 2018 var Maria

også i Ørsta, då med si eiga konsertforestiling «Jåla fra Lakselvnes».

 

Om Lars Bremnes

Lars er fødd i Svolvær og har budd i Harstad sidan 1997. Han debuterte med plata

«Stjernesukkertøy» i 1994, og har sidan gitt ut sju album under eige namn. I tillegg har han også gitt ut

to album med søskena Kari og Ola Bremnes. I 2000 og 2006 vann Lars Spellemannprisen, og i 2009

blei han tildelt Prøysenprisen. I 2015 slapp han albumet «Himmel nok tel alle», hans sjuande i rekka.

Tittellåta låg nesten tre månedar på NRK P1 si A- liste.

Lars Bremnes jobbar no med ny plate og kjem snart ut med singelen «Elias». Mange

har latt seg røre av songen om flyktningen Elias gjennom ein video på sosiale mediar.

_
_
_