5

Moteframsyning

Motevising med Ørstakoret

Like visst som hausten er Ørstakoret si motevising. Den 24. oktober er kvinner og menn, i alle aldrar velkomne til kulturhuset for å sjå haustens motar og kanskje til og med juleantrekket.

Jarle Johnsen frå 2. bassen losar oss gjennom sesongens nye fargar og trendar i kolleksjonane frå dei faste butikkane i Ørsta og Volda. Damene i koret stiller som modellar, men koret har tradisjon for også å vise herremote, så det må gjerne kome fleire karar for å sjå kva bass og tenor kan demonstrere av tidsrette mannfolk-antrekk.

Dirigent Ketil Grøtting leiar koret i ei lita koravdeling, og spelar piano til sjølve motevisinga.

Kake- og smørbrødbordet vil halde vanleg standard, og det vert loddsal med trekking av gåvekort og andre flotte gevinstar!

Billettar får de kjøpt på nettet og i kiosken på Ørsta kulturhus. Dørene vert opna kl. 18.30.

Velkomne til ei triveleg kveldsstund rundt borda på kulturhuset onsdag 24. oktober kl. 19.00.

_
_
_