2

Riksteatret: Jungelboken

Velkomen inn i ein magisk og frodig jungel for heile familien!


Mowgli er ein tøff og uredd gut, men farer lurer overalt! Tigeren Shere Khan har fått ferten av menneskeblod og er på jakt. Den sleipe slangen Kaa prøver å hypnotisere Mowgli med vakker song. Og kva er det den smågalne apekongen og flokken hans pønskar på? Jammen godt at panteren Baghera og den bekymringslause bjørnen Baloo passar på!
Det er blitt laga eit utal filmar og teateroppsetjingar av Jungelboken, aller mest kjent er den klassiske Disney-versjonen. Når Teater Innlandet og Riksteatret no slår kreftene saman, har vi valt oss ein norsk musikalversjon skriven av ringrevane Wayne McKnight og Arne Lindtner Næss, med populære Svein Gundersen som komponist.
Dette er ein versjon som fleire gongar har vore oppført med stor suksess ved andre teater, og mange av songane er blitt kjente slagerar. No er turen komen til eit publikum over heile landet, i ei splitter ny oppsetjing signert show-mannen Arvid Ones. Bli med inn i jungelen og sjå ein sprudlande familiemusikal med humor, fart, spenning og fengande musikk!
Passar for born frå 5 år.

 

På scena
Lars Halvor Andreassen, Anne Bolette Stang Eng, Julia Küster, Sebastian Skytterud Myers, Thomas Jørstad Pettersen og Ida Holten Worsøe.

Team
Regissør: Arvid Ones. Scenograf: Kristin Bengtson. Kostymedesigner: Christina Lovery. Lysdesigner: Kåre Nordseth. Musikalsk ansvarlig: Ket Iren Lødemel. Koreograf: Therese Slob. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Forestillingslengde: 2 timer (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 4. september 2019

Produsert av Teater Innlandet i samarbeid med Riksteatret

_
_
_