1

Riksteatret: Svar på brev frå Helga

Svar på brev frå Helga

Korleis hadde live vore dersom du hadde følgt den store kjærleiken?

Den stolte sauebonden Bjarne sitt liv går mot slutten. Men før han kan legge ut på den siste ferda må han gå i møte med seg sjølv, dei vala han gjorde, det livet han levde og det livet han ikkje torde leve. Det blir ei saftig forteljing om intens kjærleik og livskamp, dampande erotiske minner blanda med svart humor og soger om gløymde lik, lågføtte vêrar og dagen då Farmall-traktoren kom.

Den lille romanen Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson vann den islandske bokhandlarprisen i 2010 og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Boka har vore dramatisert for teater i fleire land og ein film er på veg. No blir det noregspremiere på teater med folkekjære Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Bergsveinn Birgisson har også skrive Den svarte vikingen, som Paramount Pictures lagar TV-serie av med norske Morten Tyldum som regissør.

Svar på brev frå Helga
er ei gripende fortelling om moden kjærleik - om ein lidskap som blir bestemmande for to menneske sitt liv, og som føder eit sakn de to tar med seg inn i døden. Dette er Romeo og Julie for vaksne.

Noregspremiere på Hordaland Teater 21. mai 2019.
Turnépremiere i Ørsta 18. september 2019.


Med Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Av Bergsveinn Birgisson. Oversetting: Johannes Gjerdåker. Dramatisering og regi: Stig Amdam. Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes. Lys: Einar Bjarkø. Produsert etter avtale med Teaterforlaget Songbird AS. Produsert av Hordaland Teater. På turné med Riksteatret.

 

Sagt om boka:

 «En oppsiktsvekkende god bok (…) Språket sitrer av begjær. Uforløst begjær - og lengsel.»
Dagbladet, 5

«Full av følelser og tanker om menneskelivet»
VG, 5

«Vakker brevkunst»
Aftenposten

«Det skal godt gjøres ikke å like denne boken, en sann diamant»
Vinduet

«Årets beste bok. Har du ikke lest denne boken, så har du gått glipp av noe virkelig stort»
Bokdama Anette Garpestad

«Eg tar meg sjeldan tid til å lese ei bok fleire gonger, men denne vesle perla av ein roman har eg nett tatt fram og lese om att. Romanen er klok og humoristisk og samstundes så trist og tankefull.»
Anne Merete Hegrenes, Bergen offentlige bibliotek

_
_
_