1

Snødronningen

Eventyrleg musikkteater for heile familien

Bli med Gerda på ei reise gjennom farar og store hinder for å redde bestevenen frå forbanninga frå Snødronninga! Korleis kan det gode vinne fram når det ser som mørkast ut?

H.C. Andersens kjente eventyr Snødronningen er ei storslått familieframsyning med nyskriven musikk, vakre melodiar og levande bilde.

Gerda og Kay er bestevener. Når vinteren kjem med ein kraftig snøstorm får Kay en is-splint i auge. Han forbannar Gerda, blir lokka vekk av Snødronninga og forsvinn. Alle trur han er død - bortsett frå Gerda. På tross av at Kay har såra henne, bevarer ho trua på å finne og redde han. Vi får følgje med på Gerda si reise for å finne bestevenen. Ho møter mange utfordringar på vegen – og i enden av reisa ventar det store spørsmålet: Kan ho bryte forbanninga?

Snødronningen er eit klassisk eventyr om korleis kreftene i kampen mellom det gode og det vonde utspelar seg - også kjent for mange frå Disney sin film Frost, som er inspirert av historia om Snødronningen.

 

 

Av H. C. Andersen

Dramatisert av Martin Lothrington

Regi Martin Lothrington          

Scenograf og kostymedesigner Signe Gerda Landfald 

Komponist Julian Skar

Videodesign Jon Marius Nilsson 

Lysdesign Jonas P. A. Fuglseth

Medvirkende Karin Stautland, Mathias Augestad Ambjør, Amalie Sofie Ibsen Jensen

_
_
_