1

Steinar Raknes STILLHOUSE m/Unni Wilhelmsen

Releaseturné «Chasing The Real Things»

 

Chasing The Real Things er Raknes sitt tredje album med prosjektet STILLHOUSE, der Raknes syng og spelar kontrabass. Bassisten skriv låtar innanfor americanasjangeren, og både coverlåtar og eigne låtar berast av det genuine særpreget i Raknes sitt kontrabass-spel og vokal. På plata har bassisten med seg fleire gjestar, og mest framtredande er munnspelaren Mickey Raphael frå Nashville, som til dagleg spelar m.a i Willie Nelson band. I tillegg bidreg eit stjernelag av norske artistar - Unni Wilhelmsen, Ane Brun og Solveig Slettahjell - vokal, Ola Kvernberg - fiolin, Kjetil Møster-sax, Andreas Utnem - trøorgel og Per Oddvar Johansen - sag, - til at plata har vorte ei musikalsk perle med mange palettar.

På releasturnéen er bassisten på vegen saman med Unni Wilhelmsen, og saman har dei sett ihop eit nydeleg og sterkt repertoar. Unni og Steinar har begge særs uttrykksfulle stemmer, og kontrasten mellom dei to gjer at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte.

Raknes og Wilhelmsen har samarbeida før, i samband med Raknes sitt prosjekt STILLHOUSE - der han syng og spelar kontrabass. Kontrabass er det einaste instrumentet på scena. Men Raknes spelar instrumentet som eit orkester i seg sjølv. Han har ein spelestil der han brukar fingerspel-teknikkar som gjer at instrumentet fungerar både som ein gitar og ein bass. I tillegg tek han i bruk elektriske effektar, stomp box, og looping av både bass og stemmer. Dette er ein konsert som varierar mellom det nære, intime og akustiske, - til store lydbilde med fullt rocke-trøkk. Repertoaret er hovudsakleg låtar skrive av Raknes, frå dei tre utgivelsane i STILLHOUSE-serien, med hovudvekt på den siste plata Chasing The Real Things. I tillegg presenterar dei fengande og særeigne cover-versjonar av artistar som Bruce Springsteen, Bob Dylan, og Depeche Mode.

Billettar til Steinar Raknes STILLHOUSE m/Unni Wilhelmsen

  1. Ons 30. jan kl 20:00 Teatersal ny Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_