1

“Det kan berre lillebror” Thomas Brøndbo

 

 

Thomas Brøndbo er ein songar/artist frå Namsos. Namsos har fostra store artistar som Stein Ingebrigtsen, Prudence, Terje Tysland, Åge Aleksandersen og DDE.

I kjølvatnet av desse har også Thomas etablert seg som artist. Thomas er lillebroren til Bjarne og Eskil fra DDE og dermed var tittelen på framsyninga sett.

“Det kan berre lillebror” er ei framsyning som gir Thomas eit perfekt høve til å “slå” litt tilbake til sine to eldre sysken. Her er humor og trivsel veldig viktig og det verbale er gjort med glimt i auge.

“The true story of Brøndbo-Brothers” er full av god musikk og fine historier sett frå lillebror sitt perspektiv.

Låtar som “Du sa æ va en drøm”, “Amalie”, “For kjærlighetens skyld”, “Heim et annet sted på jord”(alle frå eigen katalog). Her vil det også kome tolkningar frå andre kjende songar, feks frå Terje Tysland, Åge Aleksandersen, Frode Viken med fleire.

Billettar til Thomas Brøndbo

  1. Ons 20. mar kl 19:00 Teatersal ny Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_