Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida

Om arrangementet

"Når folk spør meg hvor jeg kommer fra, misforstår jeg med vilje. Jeg svarer Sandefjord. Og når de spør hvor jeg egentlig kommer fra, så svarer jeg Bodø." Dersom ho fekk det som ho ville, hadde dramatikar og forfattar Camara Lundestad Joof slutta å snakke om rasisme for lenge sidan. Ho vil mykje heller skrive romanar om vampyrar i verdsrommet, men enn så lenge må science fiction vente medan Camara rettar merksemda vår mot verkelegheita - slik den har møtt ho og forma ho.

Boka «Eg snakkar om det heile tida» er eit sanningsvitne om rasisme i Noreg. Gjennom ein serie historier og betraktningar frå sitt eige liv, skildrar Camara korleis rasismen har påverka kvardagen og tankane hennar. Korleis den har endra måten ho bevegar seg i verda, og korleis ho oppfører seg i høve til andre menneske.

Innimellom historiene får vi ta del i tvilen. Frykta for at alt ho gjer og alt arbeidet ho legg inn, til slutt ikkje er til nokon nytte. At det ikkje vil gjere nokon forskjell. Ho saumfer minnet sitt. Kva om ho hugsar feil? Korleis skal nokon tru ho då?

«Eg snakkar om det heile tida» har fått svært gode kritikkar, og blir no teater for heile landet i Kjersti Horn sin regi.
--
Sagt om boka: 
"Uttalt og synlig rasisme er de fleste mot, så det Joof ofte fokuserer på er i stedet de små kommentarene, neglisjeringen og tausheten" (Dagbladet, terningkast 5).
"Snakker rett til hjertet mitt. Den river og røsker i huden og pirker i følelsene mine" (VOKS tidsskrift).
"Engasjert og sårbart om å vere brun i Noreg. Dette er lettlest strandlitteratur til å bli klok av" (Framtida.no).
--
På scena: Ameli Isungset Agbota, Tani Dibasey og Terese Mungai-Foyn

Team: regissør: Kjersti Horn, scenograf, kostymedesigner: Erika Magnusson, lysdesigner: Tobias Leira, lyddesigner: Erik Hedin, dramaturg: Monica Ifejilika og produsent: Emnet Kebreab

Varigheit: 1 time 30 minutt (ingen pause).