Riksteatret: Tobias og dagen det smalt

Om arrangementet

«Årets beste barneframsyning» på turné med Riksteatret

Tobias og dagen det smalt
Av Jenny Svensson

«Årets beste barneframsyning» på turné med Riksteatret

Riksteatret tar den prisvinnande og kritikarroste barneframsyninga «Tobias og dagen det smalt» på turné. Framsyninga blei kåra til årets beste framsyning for barn og fekk Heddaprisen i 2018.  «En forestilling med god plass til både alvor og humor» skreiv pressa mellom anna.
«Tobias og dagen det smalt» handlar om å stole på og tru på seg sjølv - og vissheita om at alle barn er like mykje verdt.  Det handlar også om vennskap og trua på at vennane dine vil deg det beste.  Gjennom fantasi og verkelegheit rører framsyninga ved tema som at det er mange måtar å vere menneske på.  Og at det kan vere litt trøblete når korleis ein ser ut utanpå og korleis inn føler seg inne i seg sjølv, ikkje heilt passar saman.
«Tobias og dagen det smalt» er ei modig, liten teaterframsyning som passar for barn frå 6 år.

PRESSA SKRIV 
«Flott teater for barn, og som også tåler godt de voksnes øyne og ører (…) Ei forestilling med god plass til både alvor og humor» ITromsø, 5
«En rikholdig, formbevisst, opplevelsesfortelling med mange lag» Dagbladet, 5
«Åpen, undrende, leken og mangfoldig» Nordlys, 5
«Det blir aldri for enkelt, aldri for vanskelig. Det er et viktig tema, et tema i tiden, som formidles med kløkt, paralleller og masse barnslig gøy.» NRK

Speletid: 45 minutt (ingen pause).
Turnépremiere i Kolvereid 8. april 2021
På turné med Riksteatret våren 2021
På scenen Jonas Delerud, Sebastian Legaard Engeland, Per-Theodor Paulsen, Alexander Rindestu, Tonje Dreyer Sellevoll og Kristine Myhre Tunheim.
Av Jenny Svensson. Regissør Morten Røsrud. Scenograf og kostymedesignar Mari Hoel Lotherington. Komponist og lydprodusent Aggie Peterson. Lyddesignar Andreas Wangsbro. Lysdesignar Øystein Heitmann. Dramaturg Lina Synnøve Killingdalen. Idé og prosjektleiar Kristine Myhre Tunheim. Originalt produsert av Rimfrost i samarbeid med Hålogaland Teater. Urpremieren var på Hålogaland Teater 23. november 2017. Produsert for turné i 2021 av Riksteatret. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen.

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Dersom du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.