Riksteatret: Ved målet

Om arrangementet

Ved målet
av Thomas Bernhard


«Det kommer til å bli noen fine dager, mamma»

«Ved målet» er ei sterk historie om ei dotter som lever saman med mora si. Mora klarer ikkje gje slepp på dottera, og den vaksne jenta kjem seg ikkje vidare. Kvart år, på den same dagen, reiser dei til det gamle huset ved havet. Slik har det vore så lenge dei kan hugse. Berre dei to. Åleine saman. Når en ung forfattar kjem på besøk, får han mønsteret til å sprekke.

-Det var umogleg å seie nei til å spele mammaen i dette prisløna teaterstykket, seier Anne Krigsvoll. Thomas Bernhard er både nådelaus og morosam, og eg opplever at han viser oss noko djupt menneskeleg. Saman med Josefine Frida, som mange kjenner som Nora i «Skam», og Karl-Vidar Lende frå Det Norske Teatret, set ho seg i Riksteatrets turnébuss med eit teaterstykke som publikum frå fleire generasjonar kan kjenne seg igjen i.

Regien er ved Johannes Holmen Dahl. Han står bak ei rekke kritikarroste teateroppsetjingar med brei appell til eit publikum i alle aldrar – som «Tid for glede» på Det Norske Teatret og «Hamlet» på Nationaltheatret. Vi gler oss til tolkinga hans av Thomas Bernhards «Ved målet».


Framsyningslengde: 1 time 20 minuttar (ingen pause)

Noregspremiere i Oslo, Nydalen 15. september 2022
Turnépremiere i Molde 21. september 2022


Med Anne Krigsvoll, Josefine Frida og Karl-Vidar Lende

Av Thomas Bernhard. Oversett av Sverre Dahl. Regissør Johannes Holmen Dahl. Scenograf og kostymedesignar Nia Damerell. Lysdesignar Norunn Standal. Komponist og lyddesignar Erik Hedin. Lyddesignar Kolbjørn Lyslo. Dramaturg Hege Randi Tørressen. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Riksteatret. Forlag: Teaterforlaget Colombine.