Rivekonsert - Ein avslutningskonsert for Ørsta kulturhus

Om arrangementet

No kan du endeleg sikre deg billett på det som blir den aller siste konserten i kulturhuset vårt.

Vi legg opp til to akter med pause i midten. I pausa får du kjøpt deg kaker og kaffi, vi dekker på bord i festsalen i ekte musikkafé-stil!

Alt overskot frå billettsal og kafesal går til eit fond som Ørsta Hornmusikk vil stå for, der pengane skal gå til ekstra utstyr i det nye kulturhuset som ikkje blir dekt av prosjektet. 


Mange dyktige lokale aktørar går saman for å skape ein flott og verdig avslutningskonsert for noverande Ørsta kulturhus!
Dei som har meldt seg på konserten er:
Ørsta Hornmusikk
Åmdalskoret Berre Damer
Ørsta skulekorps (og drill dersom mogleg)
Vartdalstranda Generasjonskorps
SUS
Sæbø Generasjonskorps
Follestaddal Hornmusikk
ØB Brass
Ervingen blandakor