Romjulsparty med Broad Line

Om arrangementet

Romjulsparty med Broad Line

Broad Line er bandet som elskar 80-talet, og som har gjort det til sin livsmisjon å gje publikum autentiske versjonar av den beste 80-talsmusikken. Fins det eit meir autentisk 80-talsband i Norge i dag? Kom og døm sjølv. Mykje av musikken frå denne tida har stått seg veldig godt, og forklaringa er enkel: det er kvalitetsmusikk med gode melodiar og fengande refreng! Broad Line plukkar ut dei største hitsa, men innimellom får du også låtar som du kanskje hadde gløymt at du digga. Reportoaret inneheld deilige, dansbare låtar frå Toto, Madonna, AC/DC, Bon Jovi, Bryan Adams, Tina Turner, Prince, A-ha og mange fleire. Her får du herlige hits, nostalgi og fest og moro i lekker innpakning med ei stor, rosa sløyfe rundt! Med sju personar på scena formidlar Broad Line 80-talet med kjærleik, energi og speleglede, og vi lovar deg ein minneverdig kveld på Ørsta kulturhus med den beste musikken frå dette legendariske tiåret.
 
Broad Line er Venche Vartdal Leite (vokal), Asle Eiken (vokal), Bottolf Lødemel (keyboard), Stein Henrik Vartdal (keyboard), Frode Sundnes (trommer), Lars Inge Bjørneset (bass) og Fred Igland (gitar).