Snøkvit - ein familiemusikal

Om arrangementet

Snøkvit – ein familiemusikal

Vi har alle høyrt eventyret om Snøkvit.

Den vakre prinsessa som må røme frå si onde stemor og som endar opp med å bu hos sju dvergar ute i skogen.  I denne musikalversjonen blir eventyret fortalt i klassisk stil, men med nokre oppdaterte vriar slik at både store og små i familien skal kose seg.

Eventyret sluttar slik alle eventyr skal - det endar godt! Prinsen reddar Snøkvit med eit kyss og dei lever lukkeleg alle sine dagar.

Regi: Lena Barth Aarstad og Dorina Eldøy-Iversen
Koreografi: Dorina Eldøy-Iversen
Nykomponert musikk: Mathias Luppochini
Manus: Klang Teater
Kostymer: Tove Solli Kristiansen
Rekvisittar: Knut Hamre

Produsent: Tonga Produksjoner