Steinar Raknes & The STILLHOUSE Band

Om arrangementet

Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen kjem endeleg tilbake til Ørsta, og denne gongen har dei med seg to musikarar til på scena. Even Hermansen (gitar) og Per Oddvar Johansen (trommer) utgjer bandet Stillhouse i lag med Steinar og Unni, og sørgar for masse trøkk og speleglede på scena.

Dei to hovudpersonane har utvikla eit intuitivt og sterkt samspel, og spelte over 60 konsertar saman i fjor. Begge har svært uttrykksfulle stemmer, og kontrasten mellom dei to gjer at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte. 

Bandet Stillhouse (heimebrenneri) består av nokon av dei beste instrumentalistane i landet, og er eit samspelt fyrverkeri på scena. Konserten spenner frå det nære, intime og akustiske til store lydbilde med fullt rocke-trøkk. Repertoaret er henta frå Raknes sine fire album i Stillhouse-serien (Stillhouse, Down South, Chasing the Real Things, On The Road). 

Desse er på scena:

Steinar Raknes – bass, vokal
Unni Wilhelmsen – vokal
Even Hermansen – gitar
Per Oddvar Johansen – trommer