Steinar Raknes STILLHOUSE m/ Unni Wilhelmsen

Om arrangementet

Steinar Raknes STILLHOUSE m/ Unni Wilhelmsen

Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen er artistar med sterkt særpreg, og kontrasten mellom dei to gjer at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte. Stemmene deira passar fantastisk fint saman, og dei to har utvikla eit intuitivt og leikande samspel. No kjem dei endeleg tilbake til Ørsta kulturhus!

Innramma av Raknes sin akustisk/elektriske kontrabass-sound blir konsertane vakre, unike, morosame og spennande. Unikt i seg sjølv er at kontrabass er det einaste instrumentet på scena. Men Raknes spelar instrumentet som eit orkester i seg sjølv. Han har ein spelestil der han brukar fingerspel-teknikkar som gjer at instrumentet fungerar både som ein gitar og ein bass. I tillegg tek han i bruk elektriske gitar-effektar og looping av både bass og stemmer.

Dette er ein konsert som varierar frå det nære, intime og akustiske, - til store lydbilde med fullt rocke-trøkk. Repertoaret er hovudsakleg låter skrive av Raknes, frå dei fire utgivelsane i STILLHOUSE-serien, med hovudvekt på dei siste platene Chasing The Real Things (2018) og On The Road (2020), og det norske albumet Due Og Drone. I tillegg presenterar dei fengande og særeigne cover-versjonar av artistar som Bruce Springsteen, Bob Dylan, og Depeche Mode.