Superheltfest / premiere på filmen Helt Super

Om arrangementet

I samband med premieren på den heilt nye superhelt-filmen frå Qvisten Animasjon inviterar vi alle kinogjestane til ein skikkeleg superheltfest før filmen!

Vi anbefalar deg å kjøpe billett til kinovisninga på førehand, sidan vi forventar mange gjestar denne dagen. Då får du sikra deg plass, og det går raskaren i kioskkøen. Her er direktelenke til billettsalet.

NB! Filmen startar kl. 17:30, superheltfesten er i timen før filmen startar.

Vi har både premiar og give-aways klar til å dele ut, ta på deg superheltkostyme og feire ilag med oss!

NAF er partnar i filmen og har etablert prosjektet Helt Super Skolevei, for å jobbe for bedre og sikrare miljø på skulevegen. Kom og hels på den søte NAF-løva, som sjølvsagt også er invitert med på festen!

I eit samfunn som nærast krev at dei unge må framstå som Supermenneske er det viktig å setje fokus på at alle har ei superkraft og sitt eige særpreg akkurat slik ein er. Kva vil du at ein superhelt skal vere? Vi lagar til teiknestasjonar, og etterpå stiller vi ut alle teikningane for dei som vil vere med å pynte foajeen vår med kunsten sin.