Teater / Nyfødt Andersen og Rampegutt

Om arrangementet

Kattas Figurteater presenterer førestillinga "Nyfødt Andersen og Rampegutt" av Anne-Cath. Vestly!
 

Førestillinga handlar om Rampegutt og den nyfødde babyen Nyfødt Andersen. Ved hjelp av magi frå den allvitande trollmannen Waldemar, får Nyfødt Andersen evna til å gå og snakke for eit tidsrom som varer tre bleieskift. Nyfødt dreg ut for å oppdage verda. Rampegutt, som er einsam og foreldrelaus, blir igjen og overtek plassen i Nyfødt si vogge. Mens Rampegutt blir dulla med av Herr og Fru Andersen, møter Nyfødt Andersen to hestar som har havna i ei skikkelig knipe. Trollmannen Waldemar hentar difor inn Rampegutt for å assistere Nyfødt. Gutta bestemmer seg for å redde dei to hestane... 
 

Anne-Cath. Vestly skreiv dette stykket for Oslo Nye Dukketeater i 1970. Kattas Figurteater har fornya det og tilført animasjonsfilm i dei mange ville reisescenene. Bli med Kattas på Rampegutt og Nyfødt Andersen si reise! 

Førestillinga passar for born fra 4 år.