Er mikrofonen min på?

Om arrangementet

Ei gruppe konfirmantar inviterer inn til festaftan. Dei er kledd i sin finaste stas og har dekka bordet så godt dei kunne. No vil dei vise kva dei er gode for. Endeleg skal dei møte sitt publikum. 

Er mikrofonen min på? handlar om unge menneske som vil bli høyrt, men som først og fremst vil starte ein samtale og handle - før det er for seint. Vi møter unge utøvarar som stiller publikum til ansvar, og inviterer dei til å oppleva verda saman på nytt.  

Stykket er skrive av kanadiske Jordan Tannahill og er ein del av Den Unge Scenen (DUS) sitt tilbud til ungdom om å spille samtidsdramatikk som set nærliggjande utfordringar for ungdom på dagsordenen. Framsyninga er eit samarbeid mellom Jugendteateret ved kulturskulen og Teatret Vårt.  

Tittelen Er mikrofonen min på? er inspirert av ei linje i Greta Tunbergs tale i det britiske parlamentet 23. april 2019. Framsyninga passar for både unge og gamle, og er eit desperat rop om merksemd frå foreldregenerasjonen.  

Dramaturgi Vilde Traagstad.

Billettar i sal fredag 9.2 kl. 12.00 

Berre 35 publikumsplassar er tilgjengelege til denne framsyninga, og publikumsplassane er oppe på scena.