Teatret Vårt: Den vesle bygda som gløymde at det var jul

Om arrangementet

Den vesle bygda som gløymde at det var jul

Basert på historia av Alf Prøysen

Det lir mot jul og menneska er travelt opptekne med å stelle alt i stand, gåver skal pakkast, graut kokast, skopussast … Men, det er noko uforklarleg som skjer.

Det knirkar og taslar i gongane, merkelege og mystiske ting skjer stadig vekk. Kor vart det av matpakka som låg klar på bordet? Kven slår på lyset om natta? Kven er det som stadig vekk stikk av med nøkkelen til sjefen, og kven har gnaga på julepynten? Ingen har heilt klart å oppdage kva alt dette mystiske er, sjølv om det har vore nære på nokre gongar.

For dei som taslar og gneg er oss teaterottane. Vi har budd på huset i mange, mange, mange år, og vi passar godt på å halde oss skjult i kulissane. Men det å skulle vere usynleg er ikkje like kjekt, særleg ikkje når du mest av alt har lyst til å feire jul saman med andre, og det vil eg! 

Eg er teaterrotta Pernille, bli med meg og min fetter Jeppe på ei superduperhemmeleg førjulsstund.

P.S. Nemn for all del ikkje ordet “rotte” om de skulle møte på sjefen, då vert det ikkje ein særleg god jul på oss...

 

Varer i ca. 45 minutter
Passer for fra 4 år

Basert på historia av Alf Prøysen

Av og med
Lina Taule Fjørtoft

Musikar og komponist
Toivo Fjose

Kostyme og sminke
Teatret Vårt/Lina Taule Fjørtoft

Regikonsulent
Ingrid Askvik

Støtta av Norsk Kulturråd og Det Vestnorske Teateret