Teatret Vårt: Pippi Langstrømpe
Billettar
Om arrangementet
Ein hyllest til fridom, fantasi og det å vere seg sjølv!
Pippi Langstrømpe er ni år, sterkast i verda og bur aleine i det rare, skeive huset Villa Villekulla. Saman med vennene Tommy og Annika, apen Herr Nilsson og hesten Lilla Gubben kastar ho seg ut i ville påfunn, sjørøvarleik og uventa møte med både politi og tjuvar.
Bak dei rare påfunna, styrken og språket til Pippi ligg historia om ei jente som saknar foreldra sine, men som likevel finn måtar å stå støtt på. Ho viser oss at mot kan vere å seie ifrå, å tørre å prøve noko nytt, eller å invitere nokon inn i leiken. Pippi minner oss på at styrke kan ha mange former, og at fantasi og eit ope hjarte kan vere dei største superkreftene av alle.
Historia om Pippi Langstrømpe er ein av dei største suksessane til Astrid Lindgren og vart hennar litterære gjennombrot. Sidan 1945 har ho gleda og inspirert generasjon etter generasjon, og i Lindgren sitt univers vart Pippi eit ikonisk symbol – ein karakter som utfordra etablerte normer for korleis barn burde vere.
I Teatret Vårt sin versjon er Pippi framleis like sterk, rampete og modig som alltid. Ho tør å gå sine eigne vegar, utfordrar forventningar og minner oss på at det er lov å vere akkurat den ein er.
Med Pippi i nærleiken blir ingen dag lik! Framsyninga sprudlar av musikk, humor, varme og energi. Ei fantasirik oppleving for heile familien, full av latter, eventyr og varme.
Bli med til Villa Villekulla og opplev Pippi på sitt mest modige, rampete og fantastiske!
Av
Astrid Lindgren
Regissør
Johanna Mørck
Koreograf
Zezé Kolstad
Scenograf og kostymekonsulent
Silje Sandodden Kise
Lysdesigner
Jonas P A Fuglseth
Musikalsk ansvarlig
Bård Watn
