Ein litt vill aften med Jegerpodden

Om arrangementet

Velkomne til ein litt vill aften, med besøk av Jegerpodden! På grunn av matservering er bestillingsfristen fredag 14.mars.

Vi lagar til småbord i festsalen og byd på lekker speketallerken inkludert i billetten. Det er Hotell Ivar Aasen som står for mat og bar denne kvelden.

Dette får du:

  • Speketallerken med eit utval av lokal spekemat, serverast med heimelaga potetsalat, aioli og focaccia.
  • Humorshowet til Jegerpodden og særs god stemning!

Drikke får du kjøpt i baren, som for høvet er plassert lett tilgjengeleg i festsalen.

Sidan 2018 har Jegerpodden, som består av John Petter Mellingen og Jon Inge Vik gitt mange hundre podkastar innanfor temaet jakt. I tillegg har dei produsert fleire tv-seriar saman med blant andre Magnus Hestegrei i rolla som jegeraspirant og musikar. No kjem Jegerpodden og Magnus Hestegrei til Ørsta kulturhus med sitt liveshow!

Jegerpodden Live er eit show med jaktprat, videoar, bilde og musikalske innslag som vil få lattermusklane til å jobbe og hjertepumpa til å slå. Noko som ofte fell i smak både like mykje hos hardbarka jegrar og for dei med lite eller inga jakterfaring.

Dørene opnar kl. 18:00

Matservering frå kl. 19:00 og showstart ca kl. 20:00. 

Arrangementet har 18 års aldersgrense.