Vintermatiné med Ballettskulen
Om arrangementet
Også i år vert det Vintermatiné med Ballettskulen. Dansarane vil syne klassisk ballett, jazz ballett, samtidsdans, hip-hop og den nyaste dansestilen som er latino. Omlag 340 dansarar blir med. På Vintermatiné viser elevane kva dei har jobba med i haustsemesteret. Den har ikkje ei felles fortelling, men samstundes får publikum oppleve alle dansestilane det vert undervist i.
Koreografar for dansane er Analu Zidko, Susanne Stark, Regine Berg-Rusten og Natalia Nikitina.
Lyssetting er ved Jiri Nagy.
Premiere laurdag 14. desember kl 16:00
Framsyninga sundag 15. desember kl 12:30
Framsyning sundag 15. desember kl 16:00