Volda & Ørsta Ballettskule // Ariel, den vesle havfrua

Om arrangementet

Fyrste helga i juni skal alle elevane innan klassisk ballett og
contemporary sette opp fortellinga om Ariel, den vesle
havfrua som sitt vårshow. Analu Zidko har laga manuset,
plukka ut musikken, laga koreografien og fått assistanse av
Susanne Stark på koreografi og musikk til dei aller yngste
dansarane.
Dei fleste born og unge kjenner historia frå bøker og filmar.
For fyrste gong vert den no som dans. Dette er ei typisk
familieframsyning. Men den passar også for alle som likar å
sjå nydeleg ballett og oppleve små dansarar på si fyrste
framsyning.
Du treng ikkje om å ha dansarar i Ballettskulen for å kose
deg, ta gjerne med barn eller barnebarn til Ørsta Kulturhus.
Dette vårshowet vert siste gongen med ballett og
contemporary på Ørsta Kulturhus. Er du tidlegare elev i
skulen, ta gjerne turen og mimre tilbake.
Sjølve historien er eit fint eventyr.
Ariel er ei lukkeleg og litt fantete havfrue, men veldig
sjarmert og opptatt av alt menneskeleg. Ho brydde seg ikkje
om faren sine advarslar om verda over havflata, men
symde til overflata under ein frykteleg storm, der ho redda
prinsen Erik.
Fast bestemt på å bli menneske, inngår ho avtale med den
utspekulerte sjøheksa Ursula som bytter halen og den
nydelege stemma til Ariel med bein.
Ilag med bestevennen, den skjønne Scutte, og den artige
reaggaesyngande krabben Sebastian, oppdagar Ariel ulike
vidundelege ting i menneskeverda.
To dronningar frå havet greier å gje tilbake sangstemma til
Ariel som no lev lukkeleg både i havet og på land.
Kostyma er som alltid nydelege. Jiri Nagy har projeksjon og
lyssetting.
Det er berre å glede seg.