Volda & Ørsta Ballettskule // Harry Potter
Om arrangementet
Dansemagi med Harry Potter
Andre helga i juni har Ørsta og Volda ballettskule gleda av å invitere til vårshow i stilane hiphop, jazz og latino, denne gongen med Harry Potter som tema! Med over 200 dansarar på scena vert dette eit forrykande show, og vi lovar magi frå start til slutt!
Harry Potter er ein internasjonal bestselgar-serie på sju fantasy-romanar og 8 filmar med stor kinosusksess. Den handlar om den foreldrelause Harry som tek oss med inn i eit trollmann-univers der magiske evner, venskap og klokskap testast og triumferar med actionfylte scener og rystande skjebner.
I denne tolkninga av Harry Potter-universet har pedagogane teke utgangspunkt i alle dei 8 Harry Potter filmane, og sett saman historiane som dei tykkjer er essensen av universet. Det vert ei spanade forestilling som tek publikum med på ei magisk reise. Forestillinga er laga/koreografert av Regine Berg-Rusten og Susanne Stark. Med flotte kostymer og fengande musikk vert dette nok ein gong eit fantastisk show med kvalitet og høgt nivå frå Ørsta og Volda ballettskule. Trufaste Jiri Nagy har projeksjon og lyssetting.
Dette vårshowet vert det aller siste med hiphop, jazz og latino på Ørsta Kulturhus.
Her er det bere å gle seg!
Velkomen til eit fortryllande show!
